Vikingskip frå fjord til fjell

13. til 24. juli 2019 seglar fire vikingskip frå Tønsberg, nedover kysten og opp Telemarkskanalen

Kviteseid bygdetun, sundag 21. juli

PROGRAM FOR DAGEN

Heilt frå Tunsberg i Viken kjem dei seglande opp kanalen for å handle brynestein med bøndene frå Eidsborg, og storbonden på Eid gard.

Denne vikingdagen blir Kviteseid bygdetun ein yrande marknadsplass med aktivitetar for folk i alle aldrar. På tunet blir det salsbodar og handverk. Her kan du sjå vikingar i sverdkamp, høyre lyrelåt, risse runar, skyte med pil og boge og ta del i vikingleik og moro med «Lekegoden og Trollet». Du kan også lære smiing denne dagen.

På tunet vil det dufte av både bålrøyk og grilling. Her kan du få kjøpe heilgrilla svin og kjøtsuppe - og sjølvsagt kaffi og vaflar.

Fire vikingskip med fullt mannskap vil legge til ved Kauphamar for å handle brynestein. Ordføraren i Kviteseid er kaupmann.

Kl. 13.00
Oppstart med aktivitetar på tunet

Kl. 13.30
«Eit uærbødig kåseri om Kauphamar, Gamlekyrkja og Kviteseid (Eid) gard»

Kl. 15.00
Vikingane kjem med vinden. (tidspunkt kan endre seg grunna vær og vind)

Det vert blåse i luren når vikingskipa nermar seg og me samlar oss ovom Kauphamar for å ta i mot dei.

Fri inngang.

Still gjerne i tidsrette klede og tak gjerne med deg stol.

Sein ettermiddag (omlag kl 1700) fer Vikingane vidare til Kviteseidbyen der det vert bryggjefest og moro for alle.

Programmet fortset i Kviteseid sentrum.